Søk heile nettstedet

Påmelding nyhetsbrev

Nordhordland Revisjon

Kvassnesvegen 23

5914 Isdalstø

Tlf: 47 03 98 26 

Epost: nhr@nhr.no

Personvernerklæring og informasjonskapsler


Nettside fra Digitalt Byrå

Nordhordland Revisjon og Indre Hordaland Revisjonsdistrikt inviterer til kurs om GDPR og personvern

 

Velkommen til kurs om GDPR med fokus på praktiske løysingar 9./10. januar 2019!

 

Nordhordland Revisjon og Indre Hordaland Revisjonsdistrikt ønskjer å tilby kommunane i regionen eit heildagskurs om GDPR med fokus på praktiske løysingar.

 

Målgruppa er kommunalt tilsette med leiaransvar og ansvar for personleg informasjon innan t.d. arkiv, økonomi, skule, barnevern, helse- og omsorgstenesta.  

Målet er å gje ein kort innføring i dei sentrale lovkrava kring GDPR og personvern, korleis dette er relevant for kommunane og korleis kommunane kan legge til rette for å følgje personvernreglane i praksis. Vi legger opp til fleire foredrag i løpet av dagen med ulike tilnærmingar til temaet.

 

Kurset vert arrangert både på Voss (Park Hotel Vossevangen, 9. januar) og i Alversund (Alver hotel, 10. januar). Programmet er tilnærma likt, men med nokre lokale tilpassingar. Pris for eigarkommunar er 1200,- pr. pers. Bindande påmelding innan 4. januar 2019.

 

Klikk her for å sjå kursinvitasjon med program og meir detaljert informasjon.

 

For påmelding til kurs 9. januar på Voss: post@ihrevisjon.no.

For påmelding til kurs 10. januar i Nordhordland: nhr@nhr.no.